Bruk og kast er ikkje miljøvenleg. No får du for første gong høve til å gjere gode miljøval når det gjeld eingongsbestikk, plastfolie og papptallerkar.
Tekst
31. mai 2012
Både private hushald og bedrifter som sel mat til folk har behov for å pakke inn maten. Alle som har ete ein kebab ein sein nattetime veit at det skjer ikkje ved eit dekka bord. Papiret eller plasten maten er pakka inn i skal halde maten på plass. Samtidig må materialet ikkje innehalde stoff som kan smitte over på det du skal ete. I ein dansk test som var gjort nyleg, kom det fram at fluorstoff i matemballasjen smitta over i maten. Fluor er ikkje bra verken for folk eller natur, og dei nye miljøkrava forbyr derfor fluorbelegg.
Frå jord, til bord, til jord
Eingongsartiklar har like lang produksjonsprosess som andre produkt, men eineståande kort brukstid. Dei gjer jobben berre ein gong, og havnar deretter i søppelet. Det er nettopp derfor dei som regel kjem dårleg ut når vi snakkar om miljø. Svanemerket stiller derfor strenge krav til produksjonen: Minst 90 % av råvara må vere fornybar, og vi må kunne spore kor papiret, treet eller landbruksråvara kjem ifrå. Både tre og palmeolje, som er svært omdiskutert for tida, må berre kome frå miljøsertifiserte skogar, slik at vi veit at det biologiske mangfaldet på staden ikkje vert truga. Eingongsartiklane må vere kompostérbare, og med andre ord brytast lett ned som avfall.