Miljømerking har utarbeida forslag til krav for miljømerking av kaffetenester. Høyringsfrist er 29. juni 2015.
Tekst
29. apr 2015
Forslaget til miljøkrav er utarbeida av sekretariata i Nordisk Miljømerking under leiing av Jimmy Yoler. Nokre miljøparametre som det no foreslås stilt krav til er fylgjande:
Kvalitet- og miljøleiingskrav i tenesten (O1 til O3)
Sertifiserte næringsmiddel og andre forbruksartiklar (O4 til O6)
Transportkrav (O7 til O8)
Krav til reingjeringsprodukt under bruk av kaffemaskina (O9 og O10)
Energieffektivitet av kaffemaskina (O11 og O12)
Krav til stoffa i kaffemaskinas komponenter i kontakt med næringsmiddel (O13)
Vi ber om synspunkt og kommentarar til forslaget som heilheit og spesifikt til fylgjande punkt:
Energikrav i O11: Forslag til krav for alle slag kaffemaskintyper i kaffetjenesten er ≤ 140 Wh/L (etter European Vending Associations Energy Measuring Protocol 3.0B) alternativt ≤ 1,0 kwh/døgn (etter DIN 18873-2: 2013). Er det eit mogleg nivå?
Vi ynskjer også synspunkt på om det foreslåtte energikravet for kjøleskapssystem på ≤ 70w/døgn per liter kjøleskapskapasitet etter DIN 18873-2: 2013 er rimeleg?
Ekskluderte stoff i O13: Kva er dei vanligast forekommande plast-, gummi- eller metallkomponentar i ei kaffemaskin som er i kontakt med næringsmiddel? Er det foreslåtte kravet og dokumentasjonskravet mogleg å verifisere?
Vi vil gjerne ha kommentarar til forslaget. Kontaktperson i Noreg er Ola Rise, og vi ber dykk sende svar til oss ikkje seinare enn 29. juni 2015 på svarskjema, post eller epost til or[at]svanemerket.no.
Ei oversikt over høyringssvara som kommer inn, vil være tilgjengeleg hos Miljømerking.
Last ned
Kriteriedokument
Kriteriedokument engelsk
Bakgrunnsdokument
Bakgrunnsdokument engelsk
Høyringsliste
Høyringsbrev