Forslag til reviderte krav til svanemering av reingjeringstenester er no ute på høyring. Høyringsfristen er 2. mai 2016.
Tekst
29. feb 2016
Dei viktigaste endringane vi foreslår er:
Produktgruppa er utvida slik at også vask av vindauge kan inngå
Vi har justert avgrensninga for spesialreingjering, slik at bruk av desinfeksjonsmiddel vert regna som spesialreingjering, og dermed ikkje er ein del av svanemerka reingjering
Det er no innført egne krav til underleverandørar som ikkje er svanemerka, samt krav om at dei maksimalt kan utgjere 10% av søkarens omsetning av reinhald
For reingjorte kvadratmeter er sjablongverdien justert og det framgår tydeligare at tilsyn blir regna med
Kjemikalieforbruket si øvre grense er skjerpa frå 640 til 300 mikroliter/m2
Krav til andelen av miljømerka kjemi er skjerpa frå 50 til 90%. Vær merksam på at i 2017 vil det ikkje lenger være mogleg å svanemerke polish og polishfjernar
I bakgrunnsdokumentet sitt kap 9 er dei viktigaste endringane frå gjeldande miljøkrav lista opp.
Forslaga til miljøkrav er utarbeida av sekretariata i Nordisk Miljømerking under leiing av Arne Godal. Vi vil gjerne ha kommentarar til dei nye miljøkrava. Kontaktperson i Noreg er Tove Bræin , og vi ber dykk sende kommentarane til oss innan 2. mai 2016 per post eller epost til post[at]svanemerket.no.
Ein oversikt over høringssvara som kjem inn vil være tilgjengeleg hos Miljømerking.
Last ned høyringsdokument
Høyringsbrev
Forslag til kriterier
Proposal for hearing
Bakgrunnsdokument
Background document
Høyringsliste/List of recipients
Regneark
Ta kontakt med det norske sekretariatet dersom de ønskar å få tilsendt papirkopi av dokumenta.