Rein og trygg handoppvask

Dråpe vann på grønt blad
Nokre handoppvaskmiddel er så sterke at du kan bruke dei til å fjerne rust frå bilen. Men det er verken smart eller naudsynt å skyte sporv med kanonar.
Tekst

Dei nye miljøkrava til svanemerka handoppvaskmiddel sikrar at oppvasken blir skinande rein, såpa varer lenge og såpevatnet ikkje gjer skade der det til slutt renn ut i naturen.

Nordisk miljømerkingsnemnd har no vedteke ei innstraming av miljøkrava til handoppvaskmiddel. Miljøkrava byggjer mellom anna på oppdaterte testar av effektivitet som sikrar at produkta både vaskar reint og er dryge i bruk. Det er også stramma inn på kva parfymestoff som er tillate, slik at mengda allergene stoff i såpa er ytterlegare redusert. Ingen stoff som kan virke hormonforstyrrande, kreftframkallande eller true helsa di på andre måtar, er tillate i svanemerka handoppvaskmiddel.

Kommenter saken
kommentarer