Mykje av arbeidet gjer ein ute, og dermed renn vaske- og glansemiddel rett ned i bakken. Derfor er det viktig kva som er i dei midla du brukar. Av omsyn til miljøet er det beste å ta bilstellet i en vaskehall der dei har skikkeleg avløp for vaskevatnet. Med båten er jo det litt vanskelegare, men desto viktigare at ein velger båtpleiemiddel som ikkje innheld stoff som er skadelege for dyre- og plantelivet i sjøen.
Svanemerket har lenge hatt miljøkrav til vaske- og pleiemiddel til bil og båt. No har krava blitt enda strengare enn før. Både avfettingsmiddel, shampo, spylevæsker, voks og poleringsmiddel renn på eit eller anna tidspunkt ut i vatnet, enten direkte eller etter ein runde i reinseanlegget. Derfor er det viktig at stoffa ikkje er giftige for dei skapningane som lever i vatnet og at dei ikkje hopar seg opp i kroppen eller i naturen.