Reviderte krav til fett-tett papir

Fettett papir
Vi reviderar no krava til fett-tett papir, til dømes bakepapir og matpapir. Høyringsfristen er 20. september.
Tekst

Svanemerket sine kriterier for fett-tett papir er del av eit modulsystem. Det betyr at mange av krava finst i basis- og kjemikaliemodulane for svanemerking av papirprodukt. Kriteria for fett-tett papir er ein tilleggsmodul, og set spesifikke krav for mat- og bakepapir og tilsvarande produkt. Dei viktigaste endringane vi foreslår i revisjonen er:

  • Krava er tilpassa dei reviderte krava i basis- og kjemikaliemodulen, versjon 2.
  • Det er innført referanseverdiar for papirmaskina sitt energiforbruk for brensel og elektrisitet, og nye grenseverdiar for forbruket er innført.
  • Det er sett ein ny grenseverdi for CO2-utslepp.
  • Referanseverdiane for utslepp (COD, S og NOx) på papirmaskina er endra.
  • Det er strengare krav til impregnerings- og bestrykningskjemikaliar, og som før er belegg med fluor- og/eller kromforbindelsar forbudt.

Vi vil gjerne ha kommentarar til dei nye miljøkrava. Kontaktperson i Noreg er Elisabeth Magnus, og vi ber dykk sende kommentarane til oss ikkje seinere enn 20. september 2013 per post eller epost til .

Her kan du fylle ut og sende høyringskjema direkte
Generelt




Her kan du fylle ut og sende inn høringsskjema direkte.
Generelt




Kommenter saken
kommentarer