Miljømerking vil gjerne ha innspel på dei nye miljøkrava vi foreslår å stille til bygningsplater. Høyringsfristen er 15. oktober.
Tekst
13. aug 2014
I samband med høyringa arrangerer vi eit nordisk bransjeseminar om dei foreslåtte krava tirsdag 2. september kl 9.30-14.00 i Stockholm. Les meir om program og påmelding her
Miljøkrava gjeld bygningsplater av typen:
Trebaserte plater med eller utan laminat overflate
Massivt tre (overflatebehandla) som blir sett saman til ei innandørsplate
Plater basert på andre fornybare råvarer enn tre
Høgtrykkslaminat plater (HPL)
Gipsplater
Mineralplater (der hovudfunksjonen ikkje er termisk isolering)
Sementbaserte plater i form av fibersement-, sement- og magnesiumoksidplater
Dette er det særleg viktig for oss å få innspel på:
Utvidinga av produktgruppa med fasadeplater, høgtrykkslaminat og sementbaserte plater
Nye krav til resirkulerte råvarer (krav O10-O12)
Nye energikrav (krav O13-O18)
Skjerpa kjemikaliekrav, eksempelvis forbod mot isocyanat med kjedelengde <10 (krav O21)
Skjerpa krav til VAH (flyktige aromatiske forbindelsar) i lim til maks 0,1 prosent (krav O26)
Oppdaterte krav til miljøskadelege stoff i plata (krav O24) og i overflatebehandlinga (krav O25)
Skjerping av formaldehyd emisjon frå MDF (medium density board) for test etter EN 717-1 (krav O32) samt uendra krav til formaldehyd i lim (krav O28)
Nye emisjonskrav til ferdig plate (krav O33)
Kvalitetskrav (krav O34)
Vi vil gjerne ha kommentarar til dei nye miljøkrava. Kontaktperson i Noreg er Kristian Kruse . Vi ber dykk sende oss innspela innan 15. oktober 2014 via svarskjema på heimesida vår, eller på epost til kk[at]svanemerket.no.
Forslaga til nye miljøkrav for bygningsplater er utarbeida av sekretariata i Nordisk Miljømerking under leiing av Heidi Belinda Bugge. Ta kontakt med det norske sekretariatet om de ønskar å få dokumenta tilsendt.
Last ned dokumenta